Gå til hovedinnhold

Talisman Energy Norge AS får samtykke til leiteboring

Talisman Energy Norge AS (Talisman) har fått samtykke til leiteboring av brønn 15/12-24.


Talisman er operatør for utvinningsløyve 672 i blokk 15/12 i den midtre delen av Nordsjøen.

Talisman skal bore brønn 15/12-24 i eit prosjekt kalla Snømus, for å undersøke potensialet i funnet.

Brønnen skal borast med Mærsk Giant som er ei oppjekkbar flyttbar boreinnretning (jack-up). Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen. Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986. Mærsk Giant kan operere i opptil 107 meters vassdjupn og har plass til 87 personar.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064