Gå til hovedinnhold

Suncor Energy Norge AS får samtykke til leiteboring

Suncor Energy Norge AS (Suncor) har fått samtykke til boring av leitebrønn 34/4-14 S og A.


Suncor er operatør for utvinningsløyve 375 i blokk 34/4 i Norskehavet. Suncor har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 34/4 med Borgland Dolphin.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 61º 40' 51,04" N
  • 02º 07' 19,39" A

Boringa er planlagd starta i januar 2015 med ei varigheit på 154 dagar, avhengig av funn.

Borgland Dolphin er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Den er bygd ved Harland & Wolff i Belfast, Nord-Irland i 1977 og gjennomgjekk omfattande oppgradering i 1999.Innretninga er eigd av Borgland Dolphin Pte Ltd og er operert av Dolphin Drilling A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064