Gå til hovedinnhold

Statoil, Gassco og ExxonMobil har fått samtykke til bemanna undervassoperasjonar

Statoil, Gassco og ExxonMobil har fått samtykke til bemanna undervassoperasjonar til og med november 2015. Tenestene skal leverast av Technip og Subsea 7.


Statoil, Gassco og ExxonMobil har fått samtykke til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar i tida 1.12.2014 til 30.11.2015. Statoil har inngått rammeavtaler med selskapa Technip Norge AS og Subsea 7 Norway AS om levering av slike tenester til dei tre selskapa.

Samtykket gjeld for bemanna undervassoperasjonar ned til et djup på 180 meter og dekker både planlagte og udefinerte drifts- og prosjektoppgåver, så vel som reparasjonsberedskap. 

Ptil skal informerast på førehand når dei enkelte planlagte oppgåvene skal starte. Før moglege drifts- og prosjektoppgåver eller aktiviteter knytt til reperasjonsberedskap startar, skal selskapa gi Ptil tilleggsinformasjon om dei spesifikke aktivitetane.

Technip vil nytte fartøya DSV Skandi Arctic, DSV Wellservicer og lettfartøyet LDS Technip Seahunter. Subsea 7 vil nytte fartøya Seven Atlantic, DSV Seven Falcon, DSV Seven Pelican og lettfartøyet Seven Spray.

Statoil har søkt om samtykke for eiga verksemd og på vegner av Gassco. Vidare har ExxonMobil sendt eigen søknad som eit supplement til Statoil sin søknad. Ptil har gitt samtykke til kvart enkelt av selskapa for å understreke at det einskilde selskapet har eit ansvar for å sjå til at føresetnadene for samtykket vert etterlevde og at verksemda er forsvarleg og i samsvar med regelverket.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77