Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring på Gina Krog

Statoil har fått samtykke til å bore ein leitebrønn på Gina Krogfeltet i Nordsjøen.


Gina Krog er eit olje- og gassfelt som ligg 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga i Nordsjøen. Feltet vart sett i produksjon i 2017.

Leitebrønn 15/6-14 S, som Statoil no har fått samtykke til å bora, skal borast som som eit sidesteg frå eksisterande brønn 15/6-B-2.

Borelokasjonen har dei geografiske koordinatane:

  • 58° 34’ 19.35’’ Nord
  • 1° 41’ 48.80’’ Aust

Havdjupna på staden er 116 meter.

Boringa er rekna å vare i 17 døgn ved tørr brønn og 25 døgn ved funn, og har tidlegast oppstart i september.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Maersk Integrator.

Maersk Integrator er ei oppjekkbar boreinnretning, levert fra Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga blir driven av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Integrator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2015.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77