Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Statoil har fått samtykke til bore ein leitebrønn i blokk 6507/8 i Norskehavet.


Brønnen som skal borast, ligg i eit prospekt kalla Carmen i blokk 6507/8 på Haltenbanken. Borelokasjonen ligg 222 kilometer vest for Brønnøysund i Nordland og 10 kilometer nordøst for Heidrun og vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 65o 25' 01,04 N
  • 07o 26' 21,71 A

Det skal først borast ein pilotbrønn til 800 meter djup for undersøke om det finst grunn gass i området. Havdjupna på staden er 358 meter.

Boringa er rekna å vare i 18 dagar, og vil starte i midten av juni.

Brønnen skal borast med Deepsea Bergen, som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77