Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Statoil har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 7435/12 i Barentshavet.


Brønnen som skal borast, ligg i eit prospekt kalla «Korpfjell» i blokk 7435/12 i Barentshavet. Borelokasjonen ligg i nordleg del av området Barentshavet Sørøst, 37 kilometer frå grensa til Russland og 415 kilometer frå det norske fastlandet.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 74° 04’’ 18.12’’ Nord
  • 35° 48’’ 30.96’’ Aust

Havdjupna på staden er 253 meter.

Boringa er rekna å vare i 30 dager, og har tidlegast oppstart i slutten av juni.

Brønnen skal borast med Songa Enabler, som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av CAT D-typen. Songa Enabler vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, og er eigd og operert av Songa Offshore. Innretninga er registrert i Noreg og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77