Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Statoil har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 7325/4 i Barentshavet.


Brønn 7325/4-1 («Gemini Nord») ligg i Hoop-området i Barentshavet, om lag 275 kilometer frå Nordkapp og 200 kilometer fra Bjørnøya.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 73° 38’ 57,74 N
  • 25° 10’ 41,91 A

Havdjupna på staden er 447 meter.

Boringa er rekna å vare i 19 dager, og har planlagt oppstart i juni.

Brønnen skal borast med Songa Enabler, som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av CAT D-typen. Songa Enabler vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, og er eigd og operert av Songa Offshore. Innretninga er registrert i Noreg og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77