Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Statoil har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 7219 i Barentshavet.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 532 i Barentshavet, og har fått vårt samtykke til å bore leitebrønn 7219/9-2 i eit prospekt kalla Kayak.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 72o 19' 50,58" N
  • 19o 54' 24,10" A

Borestaden ligg 198 kilometer nordvest for Sørøya i Finnmark og om lag 140 kilometer nordvest for Goliat. Havdjupna på staden er 336 meter. Boringa vil tidlegast starte i april 2017 og er planlagd å vare i 27 dagar.

Brønnen vil bli bora med den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler, eigd og operert av Songa Offshore.

Songa Enabler er ein halvt nedsenkbar innretning av typen CAT D, bygd ved Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016. Ho har klasse i DNV-GL og er registrert i Noreg.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77