Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Songa Encourage til brønnaktivitetar

Statoil har fått samtykke til å bruk av Songa Encourage til brønnaktivitetar på Norne, Norne satelittar og Alve.


Statoil er operatør for Nornefeltet, som ligg i Norskehavet vest for Mo i Rana i Nordland. Feltet er bygt ut med ei flytande innretning for produksjon og lagring, knytt til brønnrammar på havbotnen. Havdjupna på Nornefeltet er 380 meter. Olja blir frakta frå Norneinnretninga med tankskip, medan gassen går i røyrleidning til Kårstø i Rogaland og vidare til Tyskland. Produksjonen på Norne starta i 1997.

Alvefeltet, som ligg 16 kilometer sørvest for Norne og nokre andre satelittfelt er knytte til Norneinnretninga.

Statoil har fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Songa Encourage til å gjere brønnaktivitetar på desse feltane. Aktivitetane omfattar boring av brønnar for produksjon eller injeksjon, brønnoverhaling og annan intervensjon samt plugging.

Songa Encourage er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Cat D, eigd og operert av Songa Offshore. Ho vart bygd ved Daewoo i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL. Songa Encourage fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2016

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12