Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Songa Encourage på Troll

Statoil har fått samtykke til bruk av Songa Encourage til boring og komplettering av ein produksjonsbrønn på Trollfeltet.


Trollfeltet ligg i Nordsjøen, om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland. Feltet er bygt ut med tre intregrerte prosess- og bustadinnretningar, Troll A, B og C, samt undervass brønnrammer knytte til B- og C-innretningane.

Troll inneheld om lag 40 prosent av dei samla gassreservene på norsk kontinentalsokkel, men er også blant dei største oljefelta på sokkelen.

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Encourage til å bore og komplettere produksjonsbrønnen 31/2-O-24 på Trollfeltet.

Brønnan skal borast i ei brønnramme som er knytt til Troll C med undervassrøyrleidning. Havdjupna på staden er 338 meter.

Boringa er planlagd å vare i 71 dagar.

Songa Encourage er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 4000, operert av Songa Offshore. Ho vart bygd ved Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Songa Encourage fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i april 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77