Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Gina Krog FSO

Vi har gitt Statoil samtykke til å ta i bruk Gina Krog FSO på Gina Krog-feltet.


Gina Krog FSO er ein ombygd skytteltankar som nå skal brukast som lagerskip på Gina Krog-feltet.

Gina Krog er et olje- og gassfelt som ligg 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga i Nordsjøen. Feltet er bygt ut med ein botnfast stålplattform og eit lagerskip for olje (FSO), og vart satt i produksjon i juni 2017. Statoil er operatør for feltet.

Vi har no gitt samtykke til å ta i bruk Gina Krog FSO, slik Statoil har søkt om.

Teekay eig og driv lagerskipet. Det skal ikkje utstedast samsvarsfråsegn (SUT), då dette er ei innretning som berre skal brukast til lagring, ref. vegleiing til Rammeforskrifta § 25.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77