Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Gina Krog

Statoil har fått samtykke til å ta i bruk Gina Krog-innretninga med tilhøyrende røyrleidningssystem.


Gina Krog er eit olje- og gassfelt i Nordsjøen, om lag 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A. Feltet er bygd ut med ei prosess- og boliginnretning på stålunderstell og eit lagerskip for olje. Gassen vil bli transportert i røyrleidning via Sleipner. Brønnane vil bli bora frå ei oppjekkbar boreinnretning.

Produksjonen på Gina Krog er venta å starte i april 2017. Statoil er operatør for feltet.

Statoil fekk i juni 2016 delsamtykke frå Ptil til å ta i bruk bustadkvarter, kraner, røyrleidningar og andre deler av Gina Krog-innretninga som var naudsynte for aktivitetar i fasen fram til produksjonsstart.

Vi har nå gitt Statoil samtykke til å ta i bruk produksjonsanlegget på innretninga med tilhøyrende røyrledningssystem, som omfatter gasseksportrøyrleidninga mellom Gina Krog og Sleipner A, oljeeksportrøyrleidninga mellom Gina Krog-innretninga og lagerinnretninga Gina Krog FSO, og gassimportrøyrleidninga frå Zeepipe IIA til GIna Krog. Samtykket omfatter òg anlegg for å ta imot framtidig kraft frå land.

Søknad frå Statoil om å ta i bruk lagerinnretninga Gina Krog FSO er under handsaming hos oss.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77