Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til ombygging på Kristin og Tyrihans

Statoil har fått samtykke til ombygging på Kristin og Tyrihans i samband med tilkopling av Mariafeltet.


Kristin er eit gasskondensatfelt som ligg på Haltenbanken i Norskehavet. Statoil er operatør på feltet, som er bygd ut med eit havbotnanlegg knytt til ei halvt nedsenkbar innretning for prosessering. 

Statoil har søkt om samtykke til naudsynte ombyggingar for at Mariafeltet kan koplast til Kristininnretninga. Maria er eit olje- og gassfelt som er operert av Wintershall Norge AS.

Ombygginga omfattar òg utstyr på Kristininnretninga for tilkopling av olje og gass frå Tyrihansfeltet, som er operert av Statoil.

Statoil har fått samtykke til ombygging slik det vart søkt om. 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12