Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bore leitebrønn 6507/3-12 i Norskehavet.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 159B, som ligg i blokk 6507/3 i Norskehavet vest for Sandnessjøen.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bore leitebrønn 6507/3-12 i eit prospekt med nemninga Mim. Borestaden ligg om lag 8 kilometer sørvest for Norne og har koordinatane:

65o 58' 04" N
07o 56' 01" A

Havdjupna på staden er 381 meter. Boringa er planlagd starta tidleg i januar 2017 og vil vare i 27 dagar. Eit mogleg sidesteg frå brønnen vil ta 18 dagar i tillegg. 

Brønnen skal borast med Deepsea Bergen, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning eigd og dreven av Odfjell Drilling. Innretninga er av typen Aker H-3, bygd i 1983. Ho har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg. Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12