Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Statoil Petroleum AS (Statoil) er operatør for utvinningsløyve 348 i blokk 6407/8 i Norskehavet. Leitebrønn 6407/8-7 skal borast i eit prospekt kalla Bister.


Borestaden ligg 80 km frå næraste fastland, som er Mausund nord for Frøya i Sør-Trøndelag.  Vassdjupna på staden er 259 meter.

Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 64° 23'4,2" N
  • 07° 33' 43" A

Boringa vil starte i mai 2015 og er rekna å vare i 29 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Innretninga vart ferdigstilt ved Aker Solutions sitt verft på Stord i 2009, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012. 

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064