Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Statoil er operatør for utvinningsløyve 272 og 035 og har fått samtykke til boring av leitebrønn 30/11-11 med Songa Delta.


Statoil har sett av inntil 36 dagar til aktiviteten, som vil starte medio januar 2016. Brønnen er lokalisert om lag 28 kilometer sør for Osebergfeltet, og om lag 130 kilometer frå næraste land som er Sund kommune i Hordaland. Havdjupna på staden er om lag 106 meter.

Songa Delta vert operert av Songa Offshore. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2012.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til leiteboringa.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77