Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Statoil er operatør for utvinningsløyve 120 og har fått samtykke til boring av leitebrønn 34/8-16 S i Nordsjøen.


Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 61° 21' 48,9" N
  • 02° 36' 15,5" A

Statoil har sett av inntil 49 dagar til aktiviteten, som vil starte i siste del av september. Havdjupna på staden er om lag 380 meter.

Songa Trym er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1976. Det vart gjort store utbetringar på innretninga i 2012. Songa Trym vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den er registrert i norsk skipsregister og klassifisert hos DVN GL.

I høve av eigarskifte fekk Songa Trym ny samsvarsfråsegn frå Ptil i februar 2013.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til leiteboringa.


 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064