Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i blokk 30/11

Statoil har fått samtykke til boring av leitebrønn 30/11-11 i prospektet Krafla.


Statoil er operatør for utvinningsløyvene 272 og 035 i blokk 30/11 i den nordre delen av Nordsjøen.

Leitebrønn 30/11-11 skal borast i eit prospekt kalla Krafla. Området ligg om lag 24 kilometer sørvest for Oseberg Sør og 130 kilometer frå næraste punkt på land, som er Øygarden i Hordaland.

Dei geografiske koordinatane for brønnen vil vere:

• 60° 13’ 07.03" N
• 02° 30’ 24.36’’A
 
Vassdjupet på staden er 106 meter. Boreaktiviteten er planlagd å vare i 67 dagar.
 
Brønnen skal borast med Transocean Leader, som er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-4. Ho vart bygd ved Hyundai Heavy Industries i Sør-Korea i 1987 og oppgradert i 1997 og 2012. Innretninga er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL. 
 
Transocean Leader fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2004. 
  

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064