Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i blokk 2/4

Statoil har fått samtykke til boring av leitebrønn 2/4-23 i den sørlege delen av Nordsjøen.


Statoil er operatør for utvinningsløyvene 146 og 333 i blokk 2/4 i den sørlege delen av Nordsjøen. Leitebrønn 2/4-23 skal borast i eit prospekt kalla Julius.

Borestaden ligg 15 km nord for Ekofiskfeltet og om lag 260 km frå Lista, som er næraste land. Vassdjupna på staden er 68 meter.

Posisjonen ved boringa vil vera:

  • 56° 41' 42,7" N
  • 03° 06' 18,1" A

Boringa er planlagd å starte i siste delen av desember 2014 og er rekna å vare i 154 dagar. Eit mogleg sidesteg, med nemninga 2/4-23 A, vil vare i ytterlegare 67 dagar.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Mærsk Gallant, som er ei oppjekkbar boreinnretning, bygd ved Far East Levingston Shipbuilding (FELS) i Singapore i 1993. Innretninga vert operert av Maersk Contractors Norge A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2002.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77