Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til å bore to leitebrønnar 30/11-12 S og 30/11-12 A i Nordsjøen.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 272 og 035. Boringa er rekna å vare i 45 dagar, avhengig av funn.


Foto:Songa Offshore

Boringa skal gjennomførast av Songa Delta som vert operert av Songa Offshore. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2012.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til leiteboringa i samsvar med Statoil sin søknad.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77