Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 15/3.


Statoil er operatør for utvinningsløyvene  025 og 187 i blokk 15/3, som ligg i den sørlege delen av Nordsjøen. Det er søkt om samtykke til å bore leitebrønn 15/3-10 i prospektet Sigrun East. Søknaden omfattar òg eit mogleg sidesteg.
 
Området der brønnen skal borast ligg om lag 180 km vestsørvest for Utsira i Rogaland og omlag 40 km nord for Volvefeltet. Havdjupna på staden er 107 meter.
 
Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Songa Trym. Under boringa vil innretninga ha koordinatane:
 
  • 58° 46' 35,25" N
  • 01° 53' 18,29" A

Boringa er planlagd å starte tidlegast i første del av oktober 2015. Med sidesteget vil boringa til saman vare i om lag 73 dagar.

Songa Trym er ei boreinnretning av typen Aker H3. Ho vart bygd ved Aker Verdal i 1976 og er oppgradert fleire gonger, seinast i 2013. Innretninga vert operert av Songa Offshore.


Songa Trym

Etter at innretninga skifta eigar, fekk ho ny samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i februar 2013.

 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12