Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til å bore leitebrønn 6706/11-2 i Norskehavet.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 602 i blokk 6706/11 i Norskehavet. Formasjonen brønnen skal borast i har nemninga Nise og ligg om lag 233 kilometer frå næraste fastland som er Skomvær i Nordland.

Boringa er planlagd starta i juni 2015 og er rekna å vare i 28 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Innretninga vart ferdigstilt ved Aker Solutions sitt verft på Stord i 2009, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064