Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil er operatør for utvinningsløyve 602 i blokk 6706/12 i Norskehavet.


Statoil skal bore brønn 6706/12-3 Roald Rygg, for å undersøke potensialet i funnet.

Forventa oppstart er mars 2015, med ei varigheit på cirka 34 dagar, avhengig av funn.

Transocean Spitsbergen er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e.
Den er bygd ved Aker Stord, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064