Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til leiteboring av brønn 15/6-13.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 029B og 303 i blokk 15/6 i den midtre delen av Nordsjøen.

Statoil skal bore brønn 15/6-13 Gina Krog East 3, for å undersøke potensialet i funnet.

Forventa oppstart er april 2015, med ei varigheit på cirka 50 dagar, avhengig av funn.

Songa Trym er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1976. Det vart gjort store utbetringar på innretninga i 2012. Songa Trym vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den er registrert i norsk skipsregister og klassifisert hos DVN GL.

I høve av eigarskifte fekk Songa Trym ny samsvarsfråsegn frå Ptil i februar 2013.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064