Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til boring av leitebrønn 6706/12-2.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 218 i blokk 6706/12 i Norskehavet. Statoil har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 6706/12-2 med Transocean Spitsbergen i eit prospekt kalla Snefrid Nord.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 67º 05' 08,63" N
  • 06º 52' 00,09" A

Boringa er planlagd starta i februar 2015 med ei varigheit på 33 dagar, avhengig av funn.

Transocean Spitsbergen er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Innretninga vart ferdigstilt ved Aker Solutions sitt verft på Stord i 2009, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77