Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring

Statoil har fått samtykke til boring av leitebrønn 16/7-11.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 072 B og 072 D i blokk 16/7 i den midtre delen av Nordsjøen. Statoil har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 16/7-11 i eit prospekt kalla Knappen.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 58º 22' 52,98" N
  • 02º 04' 05,00" A

Boringa er planlagd starta i februar 2015. Ved eit eventuelt funn vil det i tillegg verte bora eit sidesteg og brønnen vil verte produksjonstesta. Vassdjupet på staden er 80,5 meter.

Songa Trym er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1976. Det vart gjort store utbetringar på innretninga i 2012. Songa Trym vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den er registrert i norsk skipsregister og klassifisert hos DVN GL.

I høve av eigarskifte fekk Songa Trym ny samsvarsfråsegn frå Ptil i februar 2013.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77