Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av West Epsilon

Statoil har fått samtykke til bruk av West Epsilon til produksjonsboring på Gudrunfeltet.


Gudrun ligg 50 kilometer nord for felta Sleipner Øst og Sleipner Vest. Vassdjupet er om lag 110 meter. Gudrun er bygd ut med ei innretning med stålunderstell og førstetrinnsprosessering. Den er knytt til Sleipner A gjennom to rørleidningar, ein for olje og ein for rikgass.

Statoil har tidlegare fått samtykke til bruk av West Epsilon til boring og komplettering av brønn 15/3 på Gudrunfeltet og har nå fått samtykke til å bore dei seksjonane som står att på brønn 15/3 – A- 14.

Dei geografiske koordinatane er:
58o 50' 42,87" N
0144' 37,44" A

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga West Epsilon til desse aktivitetane. West Epsilon vert operert av North Atlantic Drilling som tidlegare heitte Seadrill Offshore AS.

Petroleumstilsynet har gitt samsvarsfråsegn (SUT) for West Epsilon 14. februar 2003.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77