Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Songa Dee

Statoil har fått samtykke til å bruke Songa Dee til plugging av brønn på Gullfaks Sør.


Statoil er operatør på Gullfaks Sør, som ligg i blokk 34/10 i den nordre delen av Nordsjøen. Feltet er bygd ut med undervassløysing som er knytt til Gullfaks A- og C-innretningane. Produksjonen på feltet starta i oktober 1998.

Statoil har no fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Songa Dee til å plugge leitebrønn 34/10-52 A/B permanent. Brønnen vart bora og førebels plugga i 2011.

Aktiviteten er planlagd starta i slutten av oktober og berekna å vare i 16 dagar.

Songa Dee er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Mitsubishi MD-602, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries, Ltd i Japan i 1984.

Innretninga er eigd og vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2009.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77