Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Scarabeo 5

Statoil har fått samtykke til bruk av Scarabeo 5 til plugging og produksjonsboring.


Statoil er operatør for Kristinfeltet, som ligg i blokkane 6406/2 og 6506/11 på Haltenbanken i Norskehavet.

Statoil vil plugge brønnen 6406/2-R-4 BHT2 permanent og samstundes bore ein ny produksjonsbrønn som eit sidesteg frå brønnen som skal pluggast. Den nye produksjonsbrønnen vil ha nemninga 6406/2-R-4-CH. Brønnramma som brønnen høyrer til, har dei geografiske koordinatane:

  • 64o 57' 36,86" N
  • 0626' 19,14" A

Vassdjupet på staden er 355 meter og dei samla aktivitetane er rekna å vare i 138 dagar.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 5 til desse aktivitetane.

Scarabeo 5 er ei flyttbar boreinnretning av typen ME 4500 som vart levert frå Fincantieri Shipyards i Genova, Italia i 1990. Ho vert operert av Saipem Norwegian Branch (Saipem). Innretninga er registrert på Bahamas og har klasse i ABS.

Scarabeo 5 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2003.

 

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77