Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av modulær borerigg til produksjonsboring på Heimdal

Statoil har fått samtykke til bruk av ein modulær borerigg (MDR) til å bore ein ny produksjonsbrønn på Heimdal.


Statoil er operatør på Heimdalfeltet, som er eit gassfelt i Nordsjøen, om lag 212 kilometer nordvest for Stavanger. Produksjonen på feltet starta i desember 1985.

Statoil har no fått samtykke frå Ptil til å bore ein ny produksjonsbrønn frå Heimdalinnretninga. Brønnen skal borast ved hjelp av ein modulær borerigg (MDR). Ein MDR er ein modulbasert flyttbar innretning som vert installert i boreområdet på innretninga. Ein slik borerigg har vore nytta til permanent plugging av brønnar på Heimdal, og den nye produksjonsbrønnen skal no borast med den same innretninga. MDR er eigd av Archer, som er Statoil sin hovedkontraktør for brønnoperasjonane på Heimdal.

Boringa er planlagd å starta i fjerde kvartal 2015 og vil vere ferdig i løpet av første halvår 2016. Etter dette skal boreriggen demonterast og transporterast til land.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77