Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Maersk Integrator på Gina Krog

Statoil har fått samtykke til å bruke Maersk Integrator til produksjonsboring og komplettering av fjorten brønnar på Gina Krog.


Gina Krog er eit olje- og gassfunn som ligg 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga. Havdjupet er cirka 110 meter. Utbyggingsløysninga er ei ny stålplattform og eit lagerskip for olje med kapasitet på 850 000 fat.

Feltet blei påvist i 1974. Reservoaret inneheld olje og gass i midtre jura sandstein i Hugin-formasjonen.

Statoil har no fått samtykke frå Ptil til å bruke Maersk Integrator til å bore og komplettere nye produksjonsbrønnar på feltet.

Maersk Integrator er ei oppjekkbar boreinnretning, levert fra Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga blir driven av Maersk Drilling Norge AS.

Maersk Integrator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2015.            

 

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00