Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til bruk av Island Frontier til arbeid med plugging av brønnar

Statoil har fått samtykke til bruk av Island Frontier til førebuande arbeid for plugging av brønnar på Statfjord Øst og Sleipner Øst.


Statfjord Øst er eit oljefelt som ligg om lag sju kilometer nordaust for Statfjordfeltet i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet er bygd ut med tre havbotnrammer som er knytte til Statfjord C-innretninga.

Sleipner Øst er eit gasskondensatfelt som ligg i den midtre delen av Nordsjøen. Feltet er bygd ut med ei integrert prosess-, bore- og bustadinnretning med understell av betong og med tilknytte havbotnrammer.

Statoil har fått samtykke til å bruke Island Frontier, som er ei flyttbar innretning for brønnintervensjon, til førebuande arbeid for seinare permanent plugging av fire brønnar, to på Statfjord Øst og to på Sleipner Øst. Desse brønnane har nemningane 33/9-M-1 AH, 33/9-K-2 H, 15/9-D-1 H og 15/9-D-3 H.

Island Frontier vart bygd ved Søviknes Verft AS i 2004. Ho har ei lengd på 106 meter og ei breidd på 21 meter. Island Frontier er registrert i Norge og har klasse i DNV GL. 

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.


 

 

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77