Gå til hovedinnhold

Spirit Energy har fått samtykke til leiteboring

Vi har gitt Spirit Energy samtykke til boring av leitebrønn 8/10-7 S og 8/10-8 S i utvinningsløyve 405 i Nordsjøen.


Målet med dei to brønnane er å undersøka eit prospekt Spirit Energy kallar «Cassidy». Samtykket gjeld for leiteboring med sidesteg, brønntesting og tilhøyrande avgrensingsbrønn
 
Borelokasjonen ligg i den sørlege delen av Nordsjøen, om lag 15km frå Ulafeltet. 
 
Brønn 8/10-7 S har følgjande geografiske koordinatar: 
57°06'59.4" Nord
3°03'31.5" Aust
 
Brønn 8/10-8 S har følgjande geografiske koordinatar:
57°07'06.1" Nord
3°05'19.3" Aust
 
Havdjupna på staden er 66 meter.
 
Planlagt borestart for brønnane er tidlegast 10. november. Boreoperasjonane er venta å vare i 162 dagar.
 
Brønnane skal borast med den flyttbare boreinnretninga Maersk Interceptor. Boreinnretninga vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Ho er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77