Gå til hovedinnhold

Spirit Energy får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Spirit Energy har fått samtykke til leiteboring av brønn 7322/7-1 og 7322/7-2 i utvinningsløyve 852 i Barentshavet.


Brønnane er lokalisert i den nordlege del av Barentshavet, 138 kilometer sørvest for Bjørnøya og 310 kilometer nord for Hammerfest.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 73° 24' 42.1599" Nord
  • 22° 02' 24.3219" Aust

Hvadjupna på staden er om lag 454 meter.

Brønnen skal borast med den halvt nedsenkbare, flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Innretninga er av typen Global Maritime GM4000 og vart levert frå verftet COSCO i Kina i 2012. Ho er eigd av Island Drilling Company, operert av Odfjell Drilling, fører norsk flagg og er klassa i DNV.

Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Samtykket er gitt på følgjande vilkår: Når det gjeld boring av brønn 7322/7-2 kan denne ikkje starta før resultata for brønn 7322/7-1 er kjent og oppdatert boreprogram er oversendt Petroleumstilsynet.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77