Gå til hovedinnhold

Shell får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt A/S Norske Shell (Shell) samtykke til leiteboring av brønn 34/5-2 S i utvinningsløyve 373 S i Nordsjøen.


Shell er operatør for utvinningsløyve 373 S i Nordsjøen. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bora leitebrønn 34/5-2 S. Målet med brønnen er å undersøka eit leiteprospekt dei har gitt kallenamnet «Tyttebær».

Brønnen skal borast på følgjande lokasjon:

  • 61° 43' 31.17'' Nord
  • 2° 39' 17.56'' Aust

Lokasjonen ligg om lag 11 kilometer søraust for Knarrfeltet og 129 kilometer vest for Florø.

Havdjupet på staden er 387 meter.

Boreoperasjonane startar ein gong mellom juni og august 2018, og er venta å vara 92 dagar dersom ein påviser hydrokarboner, og 58 dagar dersom brønnen viser seg å være tørr.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.