Gå til hovedinnhold

Shell får samtykke til bruk av Transocean Barents

Shell har fått samtykke til å bruke Transocean Barents til brønnplugging på Draugen.


Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet på 250 meter havdjup. A/S Norske Shell (Shell) er operatør for feltet. Produksjonen på feltet vart starta i oktober 1993. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Førekomster i nærleiken vert produserte med havbotnbrønnar knytte til Draugeninnretninga.

Shell har no fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Transocean Barents til å plugge havbotnbrønnen 6407/9-3-A-53 permanent. Arbeidet er venta å vare i 71 dagar.

Transocean Barents er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Ho vart bygd ved Aker Kværner Stord i 2009 og er eigd og operert av Transocean. Innretninga er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.


 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77