Gå til hovedinnhold

Shell får samtykke til bruk av Transocean Barents

Norske Shell AS har fått samtykke til å bruke Transocean Barents for å bore ein produksjonsbrønn på Ormen Lange.


Ormen Lange er eit gassfelt som ligg i den sørlege delen av Norskehavet. Norske Shell AS (Shell) er operatør på feltet, som vart sett i drift i 2007. Havdjupna på Ormen Lange er mellom 800 og 1100 meter, og feltet er bygd ut med undervassteknologi.

Ptil har no gitt Shell samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Transocean Barents til å bore produksjonsbrønn 6305/7-D-5H.

Boringa er planlagd starta 15. november 2014. Vilkår som er knytte til omsyn til miljøet, gjer at det ikkje kan borast inn i reservoaret om vinteren. Det vil derfor verte eit opphald i boringa, som tidligast kan takast opp att 1.3.2015.

Transocean Barents er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e, bygd ved Aker Kverner Stord i 2009. Ho er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL. Transocean Barents fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2012.

 

 

 

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77