Gå til hovedinnhold

Samtykke til større ombyggingar på Kårstø

Ptil har gitt Gassco AS (Gassco) samtykke til større ombyggingar på Kårstøanlegget.


Kårstø ligg i Tysvær i Rogaland og er eit prosessanlegg for gass og kondensat. Anlegget tek i mot gass gjennom røyrleidningar frå Nordsjøen og Norskehavet. Etter at våtgassproduktene er skilde ut, blir tørrgassen ført gjennom røyrleidningar til Tyskland, medan våtgassproduktene blir frakta frå anlegget med skip.

Gassco skal setje i verk eit modifikasjonsprosjekt med nemninga Kårstø Integrity Project (KIP). Prosjektet omfattar oppgraderingar, forbetringar og installasjon av nytt utstyr.

Storleiken av prosjektet inneber at modifikasjonane fell inn under definisjonen "større ombygging" i regelverket, og krev difor at operatøren søker om samtykke frå Ptil.
 
Ptil har nå gitt Gassco samtykke slik det er søkt om. Prosjektet omfattar òg arbeid på utsida av gjerdet kring anlegget. Samtykket frå Ptil gjeld ikkje desse delane av arbeidet, sidan andre etatar har myndigheit der.  

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12