Gå til hovedinnhold

Samtykke til modifikasjonar på Tambar

Aker BP har fått samtykke til å gjere modifikasjonar knytt til gassløft på Tambar.


Tambar er eit oljefelt som ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen. Aker BP er operatør for feltet.

Gassløftprosjektet er ein del av eit større feltutviklingsprosjekt på Tambar. Feltutviklingsprosjektet inneber ein borekampanje med to nye brønnar, gassløft på eksisterande og nye brønnar, levetidsforlenging, samt ein del mindre modifikasjonar.

I gassløftprosjektet vil ein nytta seg av eksisterande røyrledning mellom Ula og Gyda for å supplera Tambar med gassløft frå Ula.

Samtykket som no er gitt, omfattar gassløftprosjektet. Det blir installert utstyr for gassløft for inntil seks produserande brønnar på Tambar. Dette inkluderer også installasjon av ein ny gassløftmodul med kontrollfunksjonar.

Gassløft blir installert fordi trykket i reservoaret på Tambar ikkje lenger er tilstrekkeleg til å gi tilfredsstillande produksjon. Gassløftprosjektet er derfor av stor betydning for den vidare utvinninga av reserver i feltet som er att.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77