Gå til hovedinnhold

Samtykke til modifikasjonar på Sleipner

Statoil har fått samtykke til å gjere modifikasjonar på Sleipner A og T for tilkopling av Utgardfeltet.


Utgard er eit olje- og kondensatfelt som ligg på grensa mellom norsk og britisk del av Nordsjøen. Den største delen av feltet ligg  i blokk 15/8 på norsk sokkel, om lag 21 kilometer frå Sleipner.

Utgard vil bli bygt ut med ei undervassbrønnramme. Brønnstraumen vil bli ført i røyrleidning til Sleipner for prosessering. Produksjonen på feltet er planlagd å starte i fjerde kvartal 2019.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å gjere naudsynte modifikasjonar på innretningane Sleipner A og T for å ta imot og handsame brønnstraumen frå Utgard.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77