Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring på Johan Sverdrup

Statoil har fått samtykke til boring av ein avgrensingsbrønn på Johan Sverdrup.


Statoil er operatør på Johan Sverdrup-feltet, som ligg i Nordsjøen, om lag 140 kilometer vest for Stavanger. Feltet er under utbygging, og produksjonen er planlagd å starte i 2019.

Ptil har gitt samtykke til å bore leitebrønnen 16/2-22, som er ein avgrensingsbrønn. Samtykke gjeld òg for eit mogleg sidesteg frå denne brønnen.

Boringa er planlagd å starte i desember 2016 og vare i 30 dagar. Havdjupna på staden er om lag 110 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare innretninga Deepsea Atlantic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL.

Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2009.