Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med West Navigator

Centrica Resources (Norge) AS har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga West Navigator for boring av brønn 6707/10-3 S som høyrer til utvinningsløyve 528 og 528 B.


Brønnen ligg i Norskehavet cirka 293 km frå Brønnøysund og 20 km frå Aasta Hansteen-feltet. Vassdjupna på staden er cirka 1420 meter.

Posisjon ved boring er:

67° 11’ 31.70” N
07° 19’ 34.31” A

Boringa er planlagd starta august 2014 med ei varigheit på cirka 78 dagar, avhengig av funn.

West Navigator er eigd og operert av North Atlantic Norway Limited. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2000.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064