Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Transocean Spitsbergen – brønn 7227/10-1

Ptil har gitt Statoil Petroleum AS (Statoil) samtykke til leiteboring med den flyttbare innretninga Transocean Spitsbergen i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring av leitebrønn 7227/10-1 i utvinningsløyve 230 i Barentshavet. Brønnen har fått prospektnavnet «Saturn».

Den planlagte posisjon til innretninga under boringa er:

  • 72° 09' 48.7"N
  • 27° 14' 18.1"Ø

Havdjupet på staden er kring 232 meter. Lokasjonen ligg omlag 116 kilometer fra næraste fastland; Kinnarodden i Lebesby/Gamvik kommune i Finnmark.

Tidlegaste oppstart av boringa er siste halvdel av oktober 2014. Boreoperasjonane har ein estimert varighet på 45 dagar.

Transocean Spitsbergen er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Innretninga vart ferdigstilt ved Aker Solutions sitt verft på Stord i 2009, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77