Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Transocean Spitsbergen

Statoil Petroleum as har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Transocean Spitsbergen for boring av brønn 7220/2-1 Isfjell, som høyrer til utvinningsløyve 714.


Brønnen ligg i Barentshavet, cirka 219 km frå næraste fastland, som er Ingøy i Måsøy kommune, Finnmark. Vassdjupna på staden er cirka 429 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 72° 48' 43.8" N
  • 20° 33' 26.9" A

Boringa er planlagd starta august 2014 med ei varigheit på cirka 30 dagar, avhengig av funn.

Miljødirektoratet har som vilkår i sitt vedtak om løyve etter forureiningslova at Statoil ikkje kan bore i oljeførande lag før 18. september 2014. Vilkåret er sett for å gi høve til å klage på vedtaket før den mest risikofylte delen av operasjonen blir sett i gang.

Transocean Spitsbergen er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e.
Den er bygd ved Aker Stord, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DnV.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012.
 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77