Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Transocean Spitsbergen

Statoil har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Transocean Spitsbergen for boring av brønn 7319/12-1 Pingvin, som høyrer til utvinningsløyve 713.


Brønnen ligg i Barentshavet, cirka 296 km frå Hammerfest. Vassdjupna på staden er cirka 422 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 73° 2' 34.2" N
  • 19° 46' 39.3" A

Boringa er planlagd starta august 2014 med ei varigheit på cirka 28 dagar, avhengig av funn.

Miljødirektoratet har som vilkår i sitt vedtak om løyve etter forureiningslova at Statoil ikkje kan bore i oljeførande lag før 5. september 2014. Vilkåret er sett for å gi høve til å klage på vedtaket før den mest risikofylte delen av operasjonen blir sett i gang.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77