Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Transocean Spitsbergen

Statoil Petroleum AS har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Transocean Spitsbergen for boring av brønn 7325/1 som høyrer til utvinningsløyve 615.


Brønnen ligg i Barentshavet, cirka 300 km frå næraste fastland som er Knivskjellodden i Nordkapp kommune. Vassdjupna på staden er cirka 447 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 73° 54' 49.5"N
  • 25° 06' 59.7"A

Boringa er planlagd starta i juni 2014 med ei varigheit på cirka 44 dagar, avhengig av funn.

Transocean Spitsbergen er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e.
Den er bygd ved Aker Stord, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DnV.


Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012.
 

Journal 2014/552

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064