Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Transocean Leader – brønn 30/11-10 og 30/11-10 A

Ptil har gitt Statoil Petroleum AS (Statoil) samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Transocean Leader i Nordsjøen.


Samtykket omfattar boring av undersøkingsbrønn 30/11-10 «Krafla North» og avgrensingsbrønn 30/11-10 A «Krafla Main».

Brønnane er planlagt bora frå den same overflatelokasjonen, kor avgrensingsbrønn 30/11-10 A vil bli bora som eit sidesteg.

Lokasjonen ligg i Nordsjøen; 22 kilometer frå Oseberg Sør-innretninga og 2,2 kilometer frå olje- og gassfunnet 30/11-8 S (Krafla), som blei bora i 2011.

Den planlagde posisjonen til riggen under boringa er:

  • 60º14'04.31" N
  • 02º30'37.09" Ø

Havdjupna på staden er 104 meter.

Tidlegaste borestart er satt til medio oktober 2014. Lengda av aktiviteten er estimert til 78 dagar.

Transocean Leader er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning levert i 1987 fra Hyundai Heavy Industries i Korea. Innretninga vert operert av Transocean og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77