Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Mærsk Giant

Det norske oljeselskap ASA (Det Norske) har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Mærsk Giant for boring av brønn 2/9-5 S Heimdalshø, som høyrer til utvinningsløyve 494.


Brønnen ligg i den sørlege delen av Nordsjøen, cirka 34 km vest for Valhall. Vassdjupna på staden er cirka 65 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 56° 24' 45.50" N
  • 03° 55' 06.08" A

Boringa er planlagd starta juli 2014 med ei varigheit på cirka 60 dagar, avhengig av funn.

Mærsk Giant er ein oppjekkbar flyttbar boreinnretning. Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen.

Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986. Mærsk Giant kan operere i opptil 107 meters vassdjupn og har plass til 87 personar.


Journal 2014/506

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064