Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Mærsk Gallant

Statoil Petroleum as har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Mærsk Gallant for boring av brønn 2/4-22 S og 2/4-22 A som høyrer til utvinningsløyve 146.


Brønnen ligg i den sørlege delen av Nordsjøen,15 km nord for Ekofiskfeltet og om lag 260 km fra Lista, som er nærmaste land. Vassdjupna på staden er cirka 67 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 56° 42' 58,12" N
  • 03° 10' 3,11" A

Boringa er planlagd starta juni/juli 2014 med ei varigheit på cirka 189 dagar, avhengig av funn.

Mærsk Gallant er ein oppjekkbar boreinnretning, bygd ved Far East Levingston Shipbuilding (FELS) i Singapore i 1993. Innretninga opereres av Maersk Contractors Norge A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i august 2002.
 

Journal 2014/562

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064