Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Island Innovator – brønn 7220/11-1

Ptil har gitt Lundin Norway AS (Lundin) samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretningen Island Innovator i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring av leitebrønn 7220/11-1 i utvinningstillatelse 609 i Barentshavet. Brønnen skal utforska eit prospekt som har fått navnet «Alta».

Operasjonen startar sommaren 2014 og har ein estimert varighet på 57 dagar.

Poisjonen til riggen under boringa:

  • 72° 03' 26.84'' Nord
  • 20° 32' 45.71'' Aust

Havdjupet på staden er 388 meter.

Island Innovator er en Global Maritime GM4000-WI design halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning bygget i 2012 ved Cosco (Zhoushan) Shipyard i Kina. Innretningen er eid av Maracc ASA og operert av Odfjell Drilling. Den har Norge som flaggstat og DNV som klasseselskap.